Konsert med Anne Lises egne sanger med evangelisk innhold.
Varighet tilpasses publikum. Artikkel under fra siste konsertprojekt:
Nyttårskonserten
Søndag 11 januar var alt klart til nyttårskonserten "Her er det fest og glede" i Vikedal kyrkje.
Alt var nøye planlagt - program var laga med bilder både av barna i korprosjektet og frå gospellørdag. Dagen før hadde me vore på ei 3 timars samling - der det var 2 gjennomgangar av repertouaret - samt pynting i kyrkja med ballongar og serpentiner, slik at det blei et trivleg og uhøgtideleg ramme rundt konserten. Når alle slappar godt av er det så møkje lettare å gå ei god stemning. Så der var også ein som bruka klovneparykk - for å gjera folk litt ekstra glade !
Sidan det var så mange barn med på prosjektet til saman, valgte me å gå for ein rein barnakonsert - der nokre vaksne var med å støtta opp om barnesongane. Vaksenrep. fra gospellørdag får me bruke i ei annan setting evnt.
Dyktig lydmann stilte opp denne søndagen . Svein Bjarte Holten fra Vikedal sørga for det lille ekstra lydmessig - fekk låna kormikrofonar - så ingenting mangla på denne konserten.
Folk strøyma på - mens fleire hundre bilder fra korprosjektet rulla på skjerm - til Arnold Børuds song : Her er det fest og glede ! Etter kvart samla alle kordeltakarar seg i ringen - og den fyrste songen i konserten kom i gong.. KOM I RINGEN - ALLE skal me huska på å innkludera - SPESIELT i Guds ring. Alle med flotte raude t-skjorter sponsa av Westcon til store og små i heile koret ! Rødfargen skulle symbolisera Guds hjarte - og med flotte lysande bokstavar med Jesus elskar deg på - er det ingen tvil om kva som ligg på Guds hjarte.
Så var det FEST OG GLEDE songen som skulle framførast - og jenter fra Imsland var solistar på denne.
Jenny Katrin Hansen spela flott tamburin - saman med pianisten ikonserten Gunhild M. Osaland
Songen handlar om den bortkomne son - og som innleiing til songen - las John Birger Wold fortellingen fra bibelen..
Det støyma på med Arnold Børuds songar som DU LØFTAR MEG OPP - Songens bodskap er å frå fram at å vera kristen ikkje berre handlar om bod og reglar og å følga eit mønster/ritual - men at det er å ha eit personleg forhold til sin frelsar, som er positiv og gir mennesker ekte glede. Jenter fra Imsland var solistar også her.
Så var det jenter fra Ølensvåg som hadde hovudrolla i HVER DAG I ÅRET av Rune Larsen.
Dei dela på solistrolla - og koret var med å song i koret: HVER DAG I ÅRET ER EN GAVE FRA GUD ! Kva kan vel passa betre å synga på ein nyttårskonsert - med så mange ubrukte dagar foran oss !?
DET VAR GUD SOM SKAPTE DANSEN - var neste song ut. Der var det jenter fra Vikedal som hadde solistansvaret.
GLED DEG I HERREN- var me så komen til - der pianisten hadde vore komponist og tekstforfattar rundt eit kjent bibelvers. Jentene fra Ølensvåg hadde hovudsolistrollene her - mens koret stemte med i glede-koret.
Her var det eit spesielt innslag i konserten - for ei jente fra Vikedal - Tiril - hadde eit ekstra bra talent med å slå hjul - og ho fekk ha sin vesle sjarmerande "prosesjon" opp midtgongen, når songen byrja.
Viktig å bruka alle gode talent - å våga å tenka nytt - me lever i 2015 - så litt meir moderne Fest og glede i kyrkja - gjera det som skjer i kyrkja meir på barnas nivå - vil gjera det kjekt for ALLE.
DAVID OG GOLIAT songen av Rune Larsen - skulle dramtiserast - og her var det flotte draktar - skjold og sverd som Lillian Eikeland hadde stått for produksjonen av. Så filisterhæren var vel rusta. Sandeid-gjengen var aktørane her. Alina - den store 5 klasse jenta saman med "hæren" sin 2.klassingane Dag Andre, Vegard og Magnus David vart spela av Jenny Katrin Hansen fra Imsland. Ho hadde ikkje så flott utstyr - men David hadde jo TRUA på Gud - som til slutt også i songen felte kjempen Goliat.
Så var det meg som skulle i ha gitarakkompagnement på potpurriet i konserten.
Pianisten Gunhild Marie Osland tok då rolla som dirigent - og det blei litt kanonsong på Bjarte Leithaugs Åpen linje - der vekedagane runga høglydt i koret i songen. samt BEGEISTRING - ein gla song som får fram GLEDA over at JESUS LEVER ! Til slutt - ein liten song der det var bevegelse til - SÅ - SÅ - SÅ KOR GUD ER GLA I MEG. Der fekk me heile publikumet med på siste vers !
Så viste Vikedal sokneråd sin takknemlighet ved at Herdis overrekte meg ein flott orkide. Det sette eg stor pris på.
GUDS HJARTE er STORT - rommar ALLE - og gir oss GLEDE det berre er for oss å ta imot - som eg song til slutt - der det blei streka ekstra under at frelsen er for ALLE - og at det ikkje handlar så mykje om gjerningane me mennesker gjer - men om den gjerningen vår frelsar har gjort for menneska ein gong for alle. Men EIN ting må me gjera - og det er å TA IMOT ei gåve - om me skal gjera oss nytte av innhaldet. Etter kvart vil innhaldet prega oss om meg handlar på det - når Jesu ånd byrjar å jobba i oss - kan me kan få ei anna LYST - men ikkje noko me MÅ.
Om me sluttar å tru - går vekk frå barnetrua - må mennesket igjen ta imot - ved å tru i hjarte at Jesus er sin PERSONLEGE frelsar - men også ved eit fysisk : JA - med vår munn, for at det blir til LIV - og den åndelege fødsel kan skje. Derav uttrykket FØDT PÅ NY ! Altfor ofte er det menneskeplanar og mennesketankar som får styra det som skjer i Guds hus/menighet.
Men - så var det utgangsprosesjon på rekke etter meg med gitaren - der me song VEGEN - SANNHETEN OG LIVET -på ein kjent kjær tone - Jippi jai jai. Lite åndeleg tone - men - eit friskt pust det også - som gjer at det kjem på eit svært så folkeleg nivå og det lettare kan nå hjarte..?
Det var fint å høyra at barna song VEGEN SANNHETEN OG LIVET åleine til slutt i songen.
Så trusopplæring med song - er VELDIG effektivt
. Og morsomt - DET har dette korprosjektet saman med Lillian Eikeland fra Vikedal lært meg. Og Lillian Eikeland har vore SVÆRT god å samabeida med. Og sjølvagt også Gunhild Marie Osaland må nemnast. Sjølv om ho er 5 barns mamma og har ein ettåring å ta seg av - har ho også stilt opp på enkelte øvingar - samt øvd uavhengig av koret også.
Men - sidan det var nyttårskonsert - hadde me ei overrasking på lur - og det var små "bomber" med nyttårsstrimler inni - og ved oppstilling i ringen igjen til slutt - fekk alle fyra av.
Isfaklar blei tent på kaka mens koret i HER ER DET FEST OG GLEDE runga i kyrkja.
Alle kosa seg med heimalaga langpannesjokoladekake med seigemenn og nonstop på og marsipankake. Der var alt fra kaffi, til champagne (det finns alkoholfri champagne ) å få servert til kaka. Er det fest - så er det fest !
Vel var det møkje rot med ballongar og serpentiner og "bombe"innhald å rydda i etterkant - men tross alt - så bør det jo merkast at me har hatt nyttårsfest i kyrkja !? Vil me ha folk i kyrkja - ha samlingar som innkluderar borna - samt på barns nivå. Då blir det jo kjekt for ALLE ! Altfor ofte er det omvendt dessverre, på voksnes nivå - og borna kjedar seg i kyrkja. Mitt tips og erfaring: Syng Arnold Børuds barnesongar - og gidd å blåsa nokre ballongar - og støvsug vekk litt boss. Gi plass til barnahjarta i kyrkjene ! Dette er nok vegen å gå når me nå skriv 2015.
FORTSATT GODT NYTT ÅR VINDAFJORD !
Helsing nyttårskonsertleiar -
Anne Lise Brekke Lien
Bjoa